Heile Norge er i helseangst! Svineinfluense og bakteriefrykt tenkjer kanskje du? Nei, det var ikkje akkurat det eg sikta til, iallfall ikkje denne gongen.
Ein mandagsmorgon eg har stressa meg avgårde til bussen, får eg auga på eit par deltakarar frå helgas begivenheter. ”Å, herre!” Tenkjer eg og skrur Ipoden på fullt, passar på å feste blikket i motsatt retning, før eg smyg meg ned på eit av dei ledige seta bakerst i bussen! I same augneblinken openberrar det seg for meg som ein brennande busk i audemarka: Æsj, eg er typisk norsk!
Kanskje er det mangel på sollys i dette landet i nord som har gjort Norges befolkning kald og inneslutta? Ikkje veit eg, men helse, det skal vi iallfall ikkje!
I ein hektisk kvardag kostar vi forbi kvarandre. Til bussen, til butikken, til arbeid og skule. Passerer hundrevis av menneske kvar dag. Sjølvsagt kan vi ikkje helse på alle. Det er ikkje det eg seier. Likevel er det rart kor helsevillig nordmannen blir når det endeleg er helg, og han har unna seg ei helgepils og to. Då kan ein likegreit kutte ut småpraten og gå rett på sak. Etter ein heftig tur på dansegolvet, er nordmannen nøgd, og inviterer til ”nach for to”. Somme gongar med hell, andre gongar ikkje.
Då helga er omme og det gryr av dag, er nordmannen ”typisk” norsk igjen. Han kontrollskjekker bagasjen med hjelpemiddel, før han stikk nasa ut døra: Ipod- fin å bruke dersom du ikkje ønskjer at nokon skal snakke til deg. Mobil- god å ha slik at du kan late som at du er veldig opptatt i ein samtale med ein kollega frå jobben. Hm, og ja... paraply, som kan trekkjast føre ansiktet dersom du uheldigvis skulle kome til å treffe på nokon som kunne kome til å helse, (og dersom det tilfeldigvis regnar, noko som det gjer nokså ofte her til lands).
Satt på spissen? Jo, kanskje det. Medan eg travar nedover ein skråning hevar eg paraplyen og helsar på ein heller overaska studiekamerat, som også er typisk norsk, og som nok heilt sikkert tenkjer at eg er veldig rar! Men eg vil heller vere rar, enn å leve eit heilt liv i helseangst!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar